Gå rett til innholdet



Årsrapport 2006

MØRE OG ROMSDAL 2006

2006 vart eit godt år for næringslivet i Møre og Romsdal samanlikna med resten av landet. Veksten var spesielt stor i marin sektor. – Målretta arbeid for å leggje til rette for auka innovasjon i den lokale næringa, har gjeve resultat, konstaterer direktør Bjørn Tunheim.

Møre og Romsdal er framleis største fylket målt etter bruk av virkemidler frå Innovasjon Norge når lån og tilskott blir slått saman. Låneporteføljen som Innovasjon Norge i Møre og Romsdal forvaltar er 2 041 milliarder, og utgjer omlag 19 % av vår totale låneportefølje pr 31.12.2006.

Kontoret har eit godt samarbeid med Møre og Romsdal fylke, herunder òg landbruksforvaltninga. Innovasjon Norge har ein sentral posisjon i utviklinga av Regionalt utviklingsprogram (RUP) og har programansvar for fleire av programma.

Aktivitetsnivået i industrien er svært høgt, og ei av dei største utfordringane er den høge temperaturen i arbeidsmarknaden. Ein finn omsetningsauke både innan mekanisk industri, verft og rederi, og sistnevnte leverer òg særs gode resultat.

Leder: Bjørn Tunheim


Ålesund
St.Olavs plass 1
(inng. Grimmergt.)
Postboks 166
6001 Ålesund

Molde
Fylkeshuset
6404 Molde

www.innovasjonnorge.no/
moreogromsdal

Årsrapport 2006 (PDF)