Tilbyr smakfull safari

Hardanger SiderprodusentlagUlvik

No treng du ikkje sjå utover landegrensene for å reise på safari, for i Hardanger har kreativiteten blomstra under pandemien og resultert i sidersafari på Sørfjorden. På safarien får du kortreist sider produsert på gardar som ligg mellom høge fjell og djupe fjordarmar.

Hardanger Siderprodusentlag vart skipa i 2003 og kun tre produsentar hadde produksjonsløyve. I 2009 fekk dei godkjent den geografisk beskytta nemninga «Sider frå Hardanger», og i dag er det heile 23 siderprodusentar med profesjonelt siderløyve i Hardanger.

- Det er den heilskaplege satsinga som inkluderer natur, kultur, mat og drikke som gjer oss attraktive. Tildelinga av «Bedriftsutviklingsprisen i landbruket for Vestland 2021» er ei flott verdsetjing av innsatsen me har gjort i lag, og ei premiering av dei som evnar og har lyst å samarbeide, seier Kjetil Widding, leiar for Siderklynga i Hardanger, og legg til:

- Me er særs takknemlege for BU-prisen, og er glade for at klyngearbeidet og samarbeidsstrukturen ber frukter.

Samarbeid gjev større vekst

Siderklynga har utvikla og kommersialisert koplinga mellom gardsoppleving, transportselskap og lokale hotell. Hovudattraksjonen er båtsafari med besøk på gardsbruk med sidersmaking og servering av lokalmat. Det er den moderne hybridbåten Vision of The Fjords som er i bruk til dette, men det store målet er å få på plass ein eigen siderbåt som går på hydrogen. Det blir jobba for at denne skal vere på plass i løpet av 2-3 år.

Reiselivsprodukta har slege godt an, trass i to høgsesongar med koronarestriksjonar. Felles målsetjing og gode samarbeidsplattformer har vist seg å vere ein nøkkelfaktor for suksess.

Ideen har heile tida vore at utviklinga og verdiskapinga innan sider vert større ved å samarbeide, enn ved at kvar aktør jobbar stykkevis og delt. Satsinga består ikkje berre av èin stor aktør, men heile 23 produsentar spreidd over heile Hardanger.
Kjetil Widding, leiar for Siderklynga i Hardanger

Ringverknader for regionen

Siderklynga i Hardanger gir store ringverknader for siderprodusentane, reiselivet og andre aktørar i regionen.
Nina Broch Mathisen, regiondirektør for Innovasjon Norge Vestland.

Klynga er i dag eit viktig kompetanse- og utviklingsmiljø, og siderproduksjonen i Hardanger hadde ikkje vore der den er i dag utan det konstruktive og fruktbare samarbeidet gjennom klynga, seier Nina Broch Mathisen, regiondirektør for Innovasjon Norge Vestland.

Klynga bidreg òg med å rekruttere folk til fruktgardar i Hardanger, noko som har ført til ein stor optimisme i fruktmiljøet og lokalsamfunna i Hardanger.

Økonomien til dei deltakande bedriftene er god og desse har teke grep og mange har kome styrka ut av pandemien ved å setje i gang innovative samarbeidsprosjekt, som sidersafari og gardsbesøk.

- Siderklynga i Hardanger scorar høgt når det gjeld nytenking og samarbeid på tvers av ulike næringar. Klynga har bidrege med kompetanse og optimisme for heile regionen i ei krevjande tid under koronapandemien, og med eit tildels nedstengt samfunn, tilføyer Broch Mathisen.

Mål om å doble omsetninga

Framover har klynga planar om å delta i Sider-VM i Bergen i 2022 og bli tekne opp i klyngenettverket Arena. Klynga ser positivt på framtida og har sett seg mål å doble omsetninga i 2022, og visjonane stoppar ikkje der.

- Målsetjinga er at når du høyrer ordet Hardanger tenker du ikkje fyrst og fremst på fjord og fjell, men på sider, seier Olav Bleie i Alde Sider AS, som er ein av drivkreftene i siderklynga.

  • Regionale distriktsmidler