Vestland – Sogndal

Trolladalen 30, 6856 Sogndal

Viktigaste aktivitetar i 2022

  • Innovasjon Norge Vestland bidrog med 960 millionar kroner i lån og tilskot til eit offensivt næringsliv. 848 millionar kroner gjekk til kunder i Vestland. I dette ligg det betydelege lån til fiskeri- og nærskipsfartsflåten, og viktige miljøteknologitilskot til nullutsleppsprosjekt og grøn omstilling
  • Grøn region Vestland har jobba strategisk med realiseringa av berekraftige industriprosjekt i hubbane. Løyvinga frå IN på 76 millionar kroner gjennom Grøn Plattform til undervannslagring av hydrogen i Odda er eitt døme på store grøne industriløft som no skjer. Kompetanseløftet SNU 4.0 på industrielle symbiosar løftar alle dei grøne hubbane innan industriell symbiose. Vi har no fått på plass ein prosjektorganisasjon for Grøn region Vestland.
  • Innan landbruk har vi har vi hatt eit særskilt fokus på omlegging frå båsdrift til lausdrift i mjølkeproduksjonen og på auke av grøntproduksjon. I Vestland satsar vi vidare på investeringar i siderproduksjon og prosjekt som knyter landbruk og reiseliv saman.
  • Regionen har solide næringsaktørar innan grøne verdikjeder som er sentrale for omstillinga i norsk økonomi. Døme er grøn skipsfart, hydrogen, batteriteknologi, sjømat og havvind. Vi bidreg til at regionen fortset å hente EU-finansiering til grøne innovasjonsprosjekt.
  • Det er stor interesse for eksport og internasjonal vekst. Bedrifter frå Vestland deltek i våre Global Growth-program innan Salmon aquaculture Canada, Maritime hydrogen Germany, Hydrogen and CCUS in France, Offshore Wind og Norwegian Tunnels Chile.
  • Innovasjonsuken OPP, Vestlandets innovasjonsfestival, er viktig for å bygge entreprenørskapskultur i fylket. Vi både arrangerte og fasiliterte ei stor mengde arrangement i år også, kor Kapitaldagen i Førde med fullt hus og opningsarrangementet i Bergen med fokus på grøn forretningsutvikling var høgdepunkta.

Finansiering i 2022

Tallene under er samlet for Vestland.

Les kundehistorier