Vil tidoble kraftproduksjonen frå flytande vindturbinar

OceangridBergen

Ein mangeårig fascinasjon for vind og bølgjekrefter var utløysande for etableringa av Oceangrid. Dei utviklar ein ny metode for havbotninstallasjonar av flytande havvindplattformar. Med på laget har dei fått tre solide investorar, og Innovasjon Noreg får delar av æra for dette.

99 prosent av dagens havvindparkar er botnfaste og ligg relativt nær land, kor det ikkje er så djupt. Lenger ute i havet ligg det eit stort potensial i vindkraft, men jo djupare havet er, desto dyrare vert havvindparkane. Det er her løysinga til Oceangrid kjem inn i biletet.

- Vår plattform er designa for å være optimal der havdjupna er 50-300 meter, seier gründer Bjarte Nordvik.

Samanstilling til havs

Nordvik meiner at dei har teke det beste frå fleire kjente teknologiar og sett dei saman på ein måte som vil effektivisere prosessane for korleis ein samanstillar og installerer plattformar for flytande havvind.

- Vårt konsept går ut på at plattforma i hovudsak skal settast saman av to modular, der vi kan gjere samanstillinga flytande utan at modular på fleire 1000 tonn vert løfta på land. Slik kan samanstilling av ein havvindplattform gjennomførast i løpet av eit par veker, i staden for tre til fire månader som er dagens situasjon, fortel Nordvik.

Gjennom designet av plattforma med tilhøyrande forankring og el-kabel, er det vidare lagt stor vekt på at installasjonane skal sette minst mogleg avtrykk i havet og på havbotnen elles. Dette for å sikre best mogleg sameksistens mellom havvindsutbyggingar, marint liv og annan type havbruksnæring innanfor same havområde.

Inspirasjon frå ubåtmiljøet

Gründeren er utdanna mariningeniør gjennom sjøkrigsskulen og har tenestegjort på ubåt i ei årrekke.

- Eg har meir eller mindre vakse opp i «bølgjesonen», som har bidrege til stor interesse og respekt for dette som fagfelt.

Det er ingen tvil om at prosjektet er kapitalkrevjande med eit langt utviklingsløp, og til no har det handla om å rigge prosjektet og å starte på verifiseringa av teknologien. Oceangrid har motteke både tilskot til marknadsavklaring og tilskot til miljøteknologi frå Innovasjon Noreg.

Eg trur ikkje vi hadde vore der vi er i dag utan støtte frå Innovasjon Noreg i tidleg fase. Vi brukte marknadsavklaringstilskotet på å avklare teknologien og markanden, og videre danne eit realistisk bilde av korleis framtidas flytande havvindsprosjekt vil bli gjennomført frå designfase til montering, installasjon, drift og avvikling.

Gjennom støtta frå miljøteknologiordninga er målet no å ta løysinga til TRL-nivå 4-5, seier Nordvik.

Store ambisjonar

I tillegg til det finansielle bidraget frå Innovasjon Noreg, peikar Nordvik også på viktigheita av sparring i tidleg fase.

- Rådgjevaren har vore ein god støttespelar for oss, med korrekte og ærlege tilbakemeldingar. Han har mellom anna bidrege til å guide oss i riktig retning.

Gründeren meiner også at støtta frå Innovasjon Noreg har vore viktig i prosessen med å hente inn investorar og samarbeidspartnarar. Og det er ikkje kven som helst dei har fått med seg.

- Når ein snakkar med investorar, så er det eit kvalitetsstempel å vise til at ein har motteke støtte frå Innovasjon Noreg. Vi har fått med oss fire solide investorar; Valinor, Mosvold Kapital, Zukunftige Werte og Fjord Base Holding. Med dette har vi med oss eit energiselskap som kan industrien, vi har dei som skal bygge og stå for logistikk, og så har vi ein finansiell investor.

Dersom Oceangrid lukkast med å få verifisert konseptet i miljøteknologi-prosjektet, er neste mål å søke om EU-finansiering til å bygge pilot.

Ein draumekunde

Finansieringsrådgjevar Kjell Haganes ved Innovasjon Noregs Vestland-kontor er ikkje i tvil om at det er mogleg for Oceangrid å nå målsetnadane.

- Det er dyrt å bygge ut havvind, spesielt flytande. Dette prosjektet har potensialet til å redusere kostnad per produsert kilowatt betydeleg. Her snakkar vi om et sterkt team, som har fått med seg gode samarbeidspartnarar, og som er audmjuke og lyttar til dei råda dei får undervegs.

Haganes peikar vidare på at løysingar innanfor havvind er noko som vert etterspurt av norske myndigheiter, og at Oceangrid sitt prosjekt er veldig relevant i denne samanheng.

- For Innovasjon Noreg er dette ein draumekunde, seier Haganes.

  • Tilskudd til markedsavklaring
  • Tilskudd til miljøteknologi