Gå rett til innholdet



Årsrapport 2006

Næringslivet i Møre og Romsdal

Internasjonalisering

Internasjonaliseringsaktiviteten i fylket er tradisjonelt stor, og Innovasjon Norge har tildelt over 230 millioner kroner til prosjekt med fokus på dette i løpet av 2006. Ein auke i tildelinga på nær 100 millioner kroner frå året før viser stor aktivitet og satsing internasjonalt frå næringslivet.

Industri

Aktivitetsnivået i industrien er svært høgt, og ei av dei største utfordringane er den høge temperaturen i arbeidsmarknaden. Ein finn omsetningsauke både innan mekanisk industri, verft og rederi, og sistnevnte leverer òg særs gode resultat.

Møbelindustrien

Møbelprodusentane i fylket står for om lag 40 % av den totale omsetninga i norsk møbelindustri, og sjølv om omsetninga aukar har næringa likevel noko svakare lønnsemd. Innovasjon Møbel skal førast vidare i ein fase to med oppstart i 2007, og den sterke satsinga på merkevarefokus og klyngeperspektiv innan møbel blir noko av dei viktigaste satsingsområda for prosjektet frametter.

Marin

Marin næring har hatt ei omsetningsauke generelt sett. Møre og Romsdal er eitt av dei største fylka innan fiskeoppdrett.
Innan fiskeforedling har fylket over 40 % av total omsetning nasjonalt. Fiskeflåten har òg hatt ei auke i omsetning, og ein ser at lønnsemda i næringa har blitt betra i 2006. Innovasjon Norge har ei spesiell rolle mot fiskeflåten sett i lys av at vi viderefører Fiskarbankens aktivitet.

Reiseliv

Reiseliv er ei lita næring i fylket. Ein ser ei gledeleg positiv utvikling i lønnsemda. Ei fireårig satsing innan reiseliv i fylket
starta opp i 2006. Dette prosjektet fokuserer på kvalitets- og kompetanseauke innan næringa, slik at ein betre kan
utnytte potensialet fylket har innan reiselivsutvikling.

Landbruk

Landbruket blir oppfatta som omstillingsvillig og kreativ, og ein ser at tilleggsnæringer med fokus på utnytting av gardens samla ressurser er kome godt i gang mange stader.

Foto: www.rekkedalgjestehus.no

Rekkedal Gjestehus på Sæbø, vinnar av BU-prisen 2006.

Entreprenørskap

Entreprenørskap og nyskaping har fått ei revitalisering gjennom satsinga ”hoppid.no” som er ei 4-årig programsatsing på entreprenørskap. Innovasjon Norge er medlem i styringsgruppa, og har ansvar for to av delprosjekta. Det vart lagt ned mykje arbeid i tilrettelegging og strukturering av tilboda til nyetablerarar og til nyskaping i næringslivet i 2006, og fleire nye og reorganiserte tilbod er klare våren 2007.


NØKKELTAL

Folketal: 245 385
Kommuner: 37

Arbeidsløyse
2006: 1,6 %
2005: 3,2 %

Omstillingsområder
Smøla og Vanylven

Nyetableringar
2006: 1 910
2005: 1 709

Konkursar
2006: 140 (- 16,7 %)
2005: 168 (- 15,6 %)

Eksportfylke nr 4
Samlet eksport 25,3 mrd
(+10,6 %)

Reiselivsfylke nr 10
Gjestedøgn 2006: 1 299 910
Gjestedøgn 2005 : 1 200 036