Vestland - Bergen
Media City Bergen, Lars Hilles gate 30, 5008 Bergen
Viktigaste aktivitetar i 2021
- Vi ga tilskot og lån på heile 1,3 milliardar kroner til næringslivet i regionen. I dette ligg det betydelege lån til fiskeri- og nærskipsfartsflåten, og viktige miljøteknologitilskot til nullutsleppsteknologi og grøn omstilling. I 2021 delte vi og ut krisepakkar, mellom anna til reiselivet.
- Vi har lansert Grøn Region Vestland saman med Vestland fylkeskommune. Grøn region Vestland skal bidra til at Vestland fylke blir nullutsleppsfylke 2030 og auke fastlandseksporten med 50 prosent innan 2030. Gjennom arbeidet med Grøn Region Vestland har vi kartlagt 250 mulege innovasjonsprosjekt fordelt på 16 hubar innan maritim, industri, bioøkonomi og marin sektor.
- Regionen har solide næringsaktørar innan grøne verdikjeder som er sentrale for omstillinga i norsk økonomi. Døme er grøn skipsfart, hydrogen, batteriteknologi, sjømat og havvind. Vi bidreg til at regionen fortset å hente EU-finansiering til grøne maritime innovasjonsprosjekt.
- Ocean Hyway Cluster fikk Arena Pro status. Clusteret er eit leiande nettverk på hydrogenbaserte løysingar for maritim sektor.
- Vi deltek aktivt i Innovasjonsuken Opp, Vestlandets Innovasjonsfestival, og hadde ansvaret for fleire arrangementer og gjennomførte mellom anna eksportlunsjar med våre utekontor kvar dag denne veka.
- Kapitaldagen i 2021 vart gjennomført fysisk i Førde med omlag 100 deltakarar, og vart i tillegg streama og delt på ulike plattformer. Det vart gjennomførte tilsaman 22 speed-dates mellom oppstartselskap frå fylket og investor- og kapitalmiljø.
- Innsatsen på internasjonalisering har auka og fleire virksomheter frå Vestland deltek i våre internasjonale program som Global Growth og Global Gateways.
Finansiering i 2021
Tallene under er samlet for Vestland.