RAPPORT FRÅ STYRET I SOGN OG FJORDANE
Styret i Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane
vart oppnemnt i hovudstyret 18. mars 2004. Styret har
halde åtte møter i 2005 og har handsama og
protokollert 40 saker.
For å få innsyn i
næringslivet og kommunane sine konkrete utfordringar legg
styret stor vekt på å møte bedrifter og kommunar i deira
eige miljø. Dette er grunnen til at nokre av styremøta
vert lagt ut til distrikta også med innlagt bedriftsbesøk.
Styret hadde møte i Jølster med vekt på landbruk og
bygdenæringar og i Måløy der tema var fiskerisektoren. Det
var også eit styremøte i Sogndal der vi hadde
orienteringar og drøftingar med Vestlandsforsking,
Høgskulen og Kunnskapsparken. Nokre møte har vore
telefonmøte.
2005 har vore eit år med mykje fokus på omstilling for
næringslivet i Sogn og Fjordane. Det er stilt store
økonomiske ressursar til rådvelde i Høyanger og Årdal og
styret har handsama fleire viktige saker i desse to
kommunane, mellom anna etablering av Dooria Årdal.
Innovasjon Norge har ansvar for å følgje opp og
kvalitetssikre omstillingsarbeidet i Flora, Årdal og
Høyanger
Styret har sett i gang eit stort
internajsonaliseringsprosjekt i Sogn og Fjordane i 2005.
Etter eit kort forprosjekt fram mot sommaren 2005 starta
hovudprosjektet opp mot slutten av året. Prosjektet skal
gå over tre år og har fokus på auka eksport frå Sogn og
Fjordane.
Nasjonale styresmakter sette i gang ei større satsing på
omstilling i mjølkeproduksjon frå og med 2005. Styret
prioriterte stor delar av BU-midlane til etablering av
totalt ni nye samdrifter med til saman 40 gardsbruk
involvert.
Diskusjonar kring ulike former for regionalisering stod
sentralt på mange dagsordenar i 2005. Alle styra i dei
fire vestlandsfylka gav ei felles fråsegn til
Vestlandsrådet si utgreiing om ny regionstruktur på
Vestlandet. Styret gav også innspel til Innovasjon Norge
sin uttale til NHD om framtidig regionalisering i Norge.
Styret i Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane er samansett
av fire kvinner og fire menn. 44 % av dei
tilsette i administrasjonen er kvinner. Sjukefråværet i
2005 ved kontoret var på 6,1%.
Samarbeidet mellom styret og administrasjon er godt, og
styret vil takke administrasjonen og tilsette for godt
samarbeid og grundig førebudde saker.
Leikanger 23.03.2006 |
|
|
|
Kjartan Longva (leiar)
|
Arne Myklebust
|
Karin Helen Halle |
Agnar Lyng
|
Tone Nising Tenold |
Elin Tveit Sveen |
Liv Signe Navarsete |
Alf Støfring |
|