Gå rett til innholdet



Foto: Pål Bugge/Innovasjon Norge, Anders Gjengedal/Innovasjon Norge, Anders Gjengedal/Innovasjon Norge
Årsrapport 2005
Sogn og Fjordane

Rapport fra styret

Næringslivet i fylket

Kontoret i fylket

Kundebedrifter
                               

KUNDEBEDRIFTER FRÅ SOGN OG FJORDANE

 

Paneda ASPaneda AS

Den kanskje mest innovative nyetableringa på landsbasis i fjor, skjedde i Sogn og Fjordane. Paneda, med base i Selje kommune, stakk av garde med den prestisjetunge "Reodorprisen" til Innovasjon Norge i konkurranse med bedrifter frå heile landet. Bedrifta, som eigentleg vart etablert i 2001 under namnet LokalDigital AS – etter at gründer Oddvar Flølo hadde utvikla eit banebrytande system for trådlaus distribusjon av digital-TV signal - står i dag framfor eit verkeleg gjennombrot i marknaden. 

Paneda sin teknologi er den mest kostnadseffektive, miljøvenlege og smarte teknologien som hittil er kjend for distribusjon av digital-TV. Utan parabolantenne kan du kan ta i mot digital-TV og radio med berre ei vanleg lita TV-antenne som du kan gøyme vekk opp under takskjegget. I tillegg kan bedrifta setje saman pakkar av utvalde kanalar slik at kundane berre treng å betale for kvalitetsinnhald. Sendarane er små og kompakte, og kan gøymast vekk i landskapet.

Innovasjon Norge er stolt over å ha vore ein viktig bidragsytar til å vidareutvikle bedrifta. Støtte til strategiprosess, ny grafisk profil og utvikling av ny metode for utrulling av digitale sendarar, har vore sentralt for at Paneda i dag har fått innpass hos viktige aktørar som NRK, TV2, Telenor o.a.

Paneda har valt ut to marknader som dei ønskjer å spesialisere seg på. Husstandar som ligg i satellittskygge (det vil seie område som ikkje kan ta inn satellittsignal via parabol) og hyttebyar i fjellet som ikkje vert dekt av det digitale bakkenettet når det kjem. Bedrifta har no fått løyve av styresmaktene til å setje opp TV-sendarar i hyttebyar i høgfjellet, og dei er i full sving med å gje mange hytteigarar eit TV- og radiotilbod lik det som ein har heime.

Den største marknaden til Paneda ligg i å kunne dekke alle skyggesonene i samband med bygginga av det digitale bakkenettet. Paneda har teknologien som kan gje alle dei tusenvis av TV-sjåarar i skyggesonene eit tilbod lik det andre har som blir dekka av det digitale bakkenettet. Anna kjend teknologi kan berre gje desse to til tre kanalar som NRK1 og 2.

Når dette vert skrive er Paneda i sluttforhandlingar med Norkring om å bli hovudleverandøren til å dekke skyggesonene i Norge. Får Paneda denne kontrakta er det duka for mange nye teknologiarbeidsplassar i Selje, og ei særs lys framtid for selskapet.

www.paneda.no