Gå rett til innholdet



Foto: Pål Bugge/Innovasjon Norge, Anders Gjengedal/Innovasjon Norge, Anders Gjengedal/Innovasjon Norge
Årsrapport 2005
Sogn og Fjordane

Rapport fra styret

Næringslivet i fylket

Kontoret i fylket

Kundebedrifter
INNOVASJON NORGE I SOGN OG FJORDANE


Også i 2005 har Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane arbeidd med prosjekt som har som formål å hjelpe fram personar eller bedrifter med innovative idear. Det har vore høg aktivitet med mange, spanande og utfordrane prosjekt. Aktivitetane er knytt til Innovasjon Norge sine satsingsområde og Sogn og Fjordane fylkeskommune sin fylkesplan.

Entreprenørskap har hatt eit hovudfokus i Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane. Entreprenørskapsarbeid er av både langsiktig og kortsiktig karakter. Det langsiktige arbeidet handlar om å  utvikla kultur, haldningar og interesse for entreprenørskap, medan målsettinga ved det kortsiktige arbeidet er å få auka talet vellukka etableringar.

Vi har i 2005 gjennomført ei rekkje eigne prosjekt som rettar seg mot entreprenørar som mellom anna Fjord Innovasjon og Alkymisten.

Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane har starta EXPO Sogn og Fjordane, som er ei treårig satsing på internasjonalisering retta mot bedrifter som vil satse på eksport. I 2005 vart det gjennomført eit forprosjekt som dannar grunnlag for det vidare.

Målet er at deltakande bedrifter samla sett skal auke eksporten med 30 % i løpet av tre år.

Opplæringsprogrammet Internasjonal marknadsføring for reiselivet vart gjennomført med tolv deltakande bedrifter. Prosessen munna ut i ein marknadsplan for satsing på utanlandske marknader og ein heilheitleg strategisk plan for bedriftene.

Årdal, Høyanger og Flora er av fylkeskommunen definert som omstillingskommunar, og det vart løyvd midlar til å gjennomføre omtillingsprosessar i kommunane i 2005.  Innovasjon Norge har hatt ansvar for kvalitetssikring gjennom å være rådgjevar, pådrivar og oppfølgjar av omstillingsarbeidet.

2005 var designåret, og Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane har hatt eigen designsatsing i samarbeid med Stryn Næringshage.

I arenaprosjektet MarinVEST har det vore arbeidd med å etablere møteplassar for dei marine næringane i fylket som skal fungere som ein arena for innovasjon og nytenking på tvers av geografi og verdikjeder.

Det har vore fokus på å styrke deltaking av kvinner i norsk næringsliv gjennom haldningsskapande arbeid, styrekurs, nettverk og konferansar.

Gjennom Verdiskapingsprogrammet for Mat har det vore arbeidd med lokal mat og mattradisjonar, frukt og bærprosjekt og merkevarebygging.

Det har vore stor etterspurnad etter Innovasjon Norge sine verkemiddel i 2005. Marine næringar er den bransjen det er løyvd mest midlar til. Det er i hovudsak lån til fiskeflåten i samband med den restrukturering av næringa (kvotekjøp og samanslåing).

Ei rekkje mindre og innovative tiltak retta mot industrinæringane er støtta. Her har omstillingskommunane vore prioriterte, og dei har fått til saman 45 % av tilskotsmidlane som har gått til industrinæringa.

Når det gjeld BU-midlane har Innovasjon Norge satsa spesielt på samdrifter i mjølkeproduksjon.

Elles har det vore løyvd mykje midlar til fellesprosjekt som etableraropplæring, internasjonalisering, design, regional omstilling, SMB-utvikling, strategi, styreutvikling, leiarutvikling, entreprenørskap, FRAM og kvinne/ungdomssatsing.

Innovasjon Norge Sogn og Fjordane har også hatt det operative ansvar for Næringsretta utviklingstiltak (kompensasjon for bortfall av differensiert arbeidsgjevaravgift) for Fondsstyret i Sogn og Fjordane.

Halvor Flatland, direktør. Innovasjon Norge          

Halvor Flatland,
direktør

E-post til kontoret


Kontor i Leikanger
og Førde:
22 ansatte