Gå rett til innholdet



Foto: Pål Bugge/Innovasjon Norge, Anders Gjengedal/Innovasjon Norge, Anders Gjengedal/Innovasjon Norge
Årsrapport 2005
Sogn og Fjordane

Rapport fra styret

Næringslivet i fylket

Kontoret i fylket

Kundebedrifter

NÆRINGSLIVET I SOGN OG FJORDANE 


Norsk økonomi har vore inne i ein svært god utvikling i 2005 med optimisme både privat og i næringslivet. Dette gjenspeglar seg også i Sogn og Fjordane. Bedriftsleiarane i Sogn og Fjordane forventar ei positiv marknadsutvikling i 2006. Framtidsutsiktene vert vurdert som betre no enn for eit år sidan.

Ved inngangen av 2006 var arbeidsmarknaden prega av minkande arbeidsløyse og aukande etterspurnad etter arbeidskraft. Nedgangen i talet på heilt ledige i Sogn og Fjordane var på heile 15 % samanlikna med 2004. Det er særleg industri og bygg og anlegg som har bidrege med auka etterspurnad etter arbeidskraft. Stadig fleire bedrifter må ta i bruk utanlands arbeidskraft.

På grunn av det låge rentenivået har investeringane auka. Dette gjeld spesielt innafor dei marine næringane og industri som rettar seg mot eksport. Eksportindustrien er gjennomgåande meir optimistisk med omsyn til omsetning og lønnsemd.

2005 som 2004 har også vore prega av auka fokus på omstilling av industrien i Sogn og Fjordane. Dette gjeld i særleg grad i samband med betydelege nedskaleringar av Hydro sin aktivitet i Årdal og Høyanger. Situasjonen i Flora er betre på grunn av oppgang i verftsnæringa, men det er likevel store utfordringar på grunn av nedgang i offentlege arbeidsplassar. 

Fiskeriindustrien i fylket slit med overkapasitet og svak lønsemd og hovudutfordringa er å  betre lønsemda i alle ledd i verdikjeda. Strukturendringar og samanslåing av kvotar og fiskerettar har ført til færre og større båtar samt konsentrasjon av fleire fiskerettar på færre båtar. Det har vore ei positiv marknads- og lønsemdsutvikling i fiskeri i 2005 og ein forventar at den positive utviklinga vil vare ved.

Oppdrettarane i Sogn og Fjordane hadde ein gjennomsnittleg driftsmargin på 11,1 % i 2005. Det er det nest beste resultatet i landet.

Reiselivsnæringa opplevde betre lønnsemd i 2005 enn 2004, mens tal på hotellovernattingar var på omtrent same nivå. Hotella slit med låg kapasitetsutnytting, 43%, mens landsgjennomsnittet var 53,1%. Ei stadig tettare samhandling mellom reiseliv, landbruk, kultur og lokal mat betyr eit stort potensial for auka aktivitet, ikkje minst i eit fylke som Sogn og Fjordane. Nærøyfjorden vart sommaren 2005 del av UNESCO sin World Heritage List, og dette kjem til å trekkje fleire turistar til området.

Også i 2005 opplevde vi at det vart færre men større aktive gardsbruk i fylket. Det er etablert fleire nye samdrifter. Likevel har vi gjennomsnittleg dei minste gardsbruka i landet. Samarbeid og nisjeproduksjonar gjev optimisme i næringa og også bonden må omstillast til å tenke marknad og kunne ta rolla som kommunikator for å skape begeistring gjennom å formidle kultur, historie og tradisjonar.

Sogn og Fjordane har ein relativ låg del sysselsette innan tenesteytande næringar i høve resten av landet. Vi ser no likevel framvekst av mange spanande bedrifter innan denne sektoren og ein relativ stor andel av nyetableringar.