Gå rett til innholdet



Foto: Pål Bugge/Innovasjon Norge, Anders Gjengedal/Innovasjon Norge, Anders Gjengedal/Innovasjon Norge
Årsrapport 2005
Møre og Romsdal

Rapport frå styret

Næringslivet i fylket

Kontoret i fylket

Kundebedrifter

Årsrapport i Pdf

RAPPORT FRÅ STYRET I MØRE OG ROMSDAL


Styret har halde 11 møter og handsama/protokollert 80 saker i 2005. To av styremøta vart avvikla i distriktskommuner med innlagde bedriftsbesøk.

I dei fleste styremøta har det vore sett fokus på ei næringsgrein/bransje, og status og utviklinga i denne. Elles er styret sine medlemmer blitt invitert til og deltatt i felles konferanser og møter omkring utarbeiding av regionalt utviklingsprogram (RUP 2006).

Styret har også gitt sitt formelle innspel til Regionalt Utviklingsprogram (RUP 2006) samt til Møre og Romsdal fylke sin strategiplan. Styret ga også eit innspel til Innovasjon Norge sin internasjonaliseringsstrategi.

For å bli meir kjent med Innovasjon Norge sitt internasjonale arbeid gjennomførte styret saman med åtte av dei tilsette ved kontoret ein fem dagar lang studietur til Shanghai i Kina. Turen vart planlagt i nært samarbeid med vårt kontor i Shanghai som også guida oss gjennom besøket på ein glimrande måte.

Besøket ga styret innsyn i utekontorets arbeidsform og kompetanse, samtidig som vi besøkte fleire Møre og Romsdal-bedrifter som har valgt å etablere seg i området, og fekk deira oppleving av korleis det er å etablere seg i Kina.

Styret deltok også under signering av IFU-avtalen mellom JETS og Ningbo Branch om utvikling av vakumtoilett for den kinesiske jernbanen. Turen var svært vellykka, og styret har fått eit innsyn i vår internasjonale verksemd som ein ikkje kan lese seg til. Styret har fulgt opp erfaringane frå turen, mellom anna gjennom eit aktivt engasjement for å få Innovasjon Norge til å ta si rolle i samband med internasjonaliseringsarbeidet i fylket.

Året 2005 har gjennomgåande vore eit godt år for næringslivet i fylket. Etter nokre år med strukturtilpasning og negativ sysselsettingsutvikling i mange bedrifter, er trenden no snudd.

Likevel ser vi at utviklinga er ulikt fordelt over fylket. Det er framleis mange lokalsamfunn der næringsutviklinga er svak og som sårt treng til nye arbeidsplassar og positiv nærings- og befolkningsutvikling. Det er derfor framleis svært viktig at verkemiddelapparatet blir gitt arbeidsrom i form av midler og kapasitet til å kunne bistå til nyskapings-, utviklings- og omstillingstiltak for å sikre langsiktig bedring av konkurransekraft og sysselsetting basert på bedriftsøkonomisk lønnsam næringsutvikling i heile fylket, og spesielt i utsette småsamfunn.

Samarbeidet mellom styret og administrasjon er godt, og styret vil takke administrasjonen og tilsette for godt arbeid og grundig førebudde saker.




Ålesund, 15.03.2006

Anne Jorunn
Hammerø Hatle
(leiar)

 

Per
Kibsgaard-Petersen
Roald
Røsand
Torill
Ytreberg
Stig
Sæter
Anne Marie
Nakken
Oskar
Grimstad
Solveig
Strand