Gå rett til innholdet



Foto: Pål Bugge/Innovasjon Norge, Anders Gjengedal/Innovasjon Norge, Anders Gjengedal/Innovasjon Norge
Årsrapport 2005
Møre og Romsdal

Rapport frå styret

Næringslivet i fylket

Kontoret i fylket

Kundebedrifter

Årsrapport i Pdf 

KUNDEBEDRIFTER FRÅ MØRE OG ROMSDAL


Finansiering er ofte ei utfordring for å realisere nyskapande og innovative prosjekt. Innovasjon Norge har som mål å gi lokale idéer globale moglegheiter, og vi presenterer her tre prosjekt der Innovasjon Norge i Møre og Romsdal har vore medverkande finansieringskjelde.

Alm senteret AS
Alm-Senteret AS
I takt med endringen av kosthald og livstil i befolkninga er det oppstått eit stadig aukande behov for hjelp mot overvekt. Den mest effektive løysinga er tilbud for langtidsopphald for å endre vaner.

Alm-Senteret as er etablert for å tilby tenester til overvektige personer gjennom opphald og trening for å kunne takle eigen kvardag og legge om livsstilen. Anne-Lise Indergaard og Magne Søvik etablerte i 2004 verksemda ved ein nedlagt skule i Rødven i Rauma kommune.

Innovasjon Norge har vore med på risikoavlasting gjennom å yte lån og tilskott til prosjektet.

www.alm-senteret.no


PatoGen Analyse AS

Selskapet er eit uavhengig analyse-, rådgjevings- og forskningsselskap som skal bistå akvakulturnæringa i fiskehelserelaterte problemstillingar, ofte i samarbeid med lokale fiskehelsetenester.

Dei to gründerne av PatoGen Analyse AS er utdanna PhD og Master innen fiskehelse og har til saman 16 år som forskarar ved Universitetet i Bergen og Veterinærinstituttet i Oslo innan dette fagfeltet.

PatoGen Analyse er ein inkubatorbedrift ved Ålesund Kunnskapspark, og verksemda har det mest moderne laboratoriet for "Real-Time PCR-analyser" for påvisnig av fiskepatogener.

Innovasjon Norge er tilskottsytar til inkubatorverksemda, og långjevar til investeringane i utstyr.

www.patogen.no


G.C.Rieber Oils AS (GCRO)

Tidligere Alnæs Marine Oils AS. Frå å vere eit reint tradingselskap som dreiv med handel av marine oljer på den internasjonale marknaden, er verksemda i dag utvikla til ein leiande produsent av høgkvalitets marine oljer. Selskapet sin visjon er å vere ein global industriell leverandør av raffinerte, spesialdesigna og høgkvalitets marine oljer.

GCRO er sertifisert etter ISO 9002 (kvalitetsstyring) og har eit eige, moderne laboratorium der det vert ført streng kontroll og kontinuerlig testing av både råvarer og ferdigprodukter. I tillegg driv dei forskning på nye produkter og produksjonsprosesser.

GCRO har saman med Hydrotechgruppen etablert Hydral AS på Bentneset i Kristiansund. Hydral skal ta hand om avfall frå lakseslakteri og foredle dette til høgkvalitets marine oljer og proteiner. Konsernet har også under bygging eit nytt raffineri for selolje i same området - Fortuna Oils as. G. C. Rieber Oil AS

Bedrifta har hatt mange utfordrande utviklingsprosjekt, og Innovasjon Norge har gitt risikoavlasting gjennom tildeling av lån og tilskott til fleire av desse.

GCRO vart utpeika som årets bedrift i Møre og Romsdal i 2005.