Møre og Romsdal
Rapport frå styret
Næringslivet i fylket
Kontoret i fylket
Kundebedrifter
Årsrapport i Pdf
|
NÆRINGSLIVET I MØRE OG ROMSDAL
Næringslivet i fylket ser ut til å ha gjenvunne
konkurransekrafta i løpet av 2005. Fylket hadde 12,4 %
auke i eksporten frå 2004 til 2005, og ordrereserven er
god.
Internasjonaliseringsaktiviteten i fylket er tradisjonelt
stor. Tildeling av 148 millioner kroner frå Innovasjon
Norge til tiltak retta mot internasjonalisering tyder på
stor aktivitet på dette feltet i 2005.
Entreprenørskap og nyskaping er revitalisert som
fokusområde for organisasjonen gjennom NIFO-rapport og
temamøter. Dei rammene som var avsett til etablererstipend
o.l. vart nytta i 2005 (6 millioner kroner).
Entreprenørskapsprosjekt vil verte starta i 2006.
Reiselivsnæringa er også eit utpeika satsingsområde for
Innovasjon Norge. Etterspurnad etter midler har vore noko
begrensa i 2005. Det er bevilga ca 5,8 millioner kroner
til næringa i 2005. Mange bedrifter har svak økonomi, noko
som er ei utfordring for heile næringa. Produktlønsemd og
kvalitet på tenestene synest å vere ei utfordring.
Reiselivsprosjekt vert i 2006 etablert i fylket for betre
å utnytte potensialet fylket har innan reiselivsutvikling.
Landbruket er i sterk omstilling. Lønsemda i landbruket er
ikkje så god som ein skulle ynskje, men næringa synest
likevel godt rusta til å ta dei nødvendige grep for å
tilpasse seg dei rammevilkåra som vi ser i nær framtid
(ser då bort frå WTOforhandlingane).
Investeringslysta i næringa er stor, og øyremerka midler
for omstilling av mjølke- og kjøttproduksjon har ført til
spesielt stor aktivitet innan denne greina.
Innovasjon Norge bevilga totalt 112,5 millioner kroner til
næringa i 2005. Vi vurderer næringa som omstillingsvillig
og kreativ.
Det har vore bra etterspurnad etter midler til omstilling-
og nyskapingstiltak i industrien, og det er bevilga totalt
180 millioner kroner til tiltak under denne strategien i
2005. Møbelindustrien viser positive tendensar, og
Innovasjon Møbel er eit godt eksempel på eit prosjekt som
får ei eiga kraft gjennom tilførsel av kapasitet, noko som
igjen kan skape lokalt engasjement slik at prosjekt vert
initiert, fi nansiert og gjennomført.
Verftsindustrien har reetablert god drift og har investert
i logistikk, kompetanse og teknologi. Deler av fi
skeindustrien har tidvis hatt likviditetsproblem som følge
av svak lønsemd og innstramma kredittpolicy i fleire av
bankane, men dette har betra seg inn mot 2006.
Ordresituasjonen i verftsindustrien og mekanisk
leverandørindustri er for tida svært god.
Fiskeri, fiskeindustri og havbruk har framleis store
strukturerings-/ omstillingsbehov. Innovasjon Norge har ei
spesiell rolle mot fiskefl åten sett i lys av at vi
viderefører Fiskarbankens aktivitet.
|
Folketal: 244 978
Arbeidsløyse: 3 968 2005 : 3,2% 2004 : 3,9%
Kommuner: 37 (5b, 16c, 10d, 6)
Omstillingsområder: Smøla og Vanylven
Nyetableringer (antall foretak): 2005: 1 406 2004: 1 652
Konkurser (antall foretak): 2005: 168 (-15,6%) 2004: 200 (-36%)
Eksportfylke nr 4 Samla eksport 22.6 mrd kr (+12,4%)
Utgjer 9 %
av samla norsk eksportverdi (9,9 % i 2004)
Reiselivsfylke nr 11 Antall gjestedøgn 2004: 1 245 231 (+11%)
|