Møre og Romsdal
Rapport frå styret
Næringslivet i fylket
Kontoret i fylket
Kundebedrifter
Årsrapport i Pdf
|
INNOVASJON NORGE I MØRE OG ROMSDAL
Møre og Romsdal er framleis største fylke målt
etter bruk av virkemidler frå Innovasjon Norge når lån
og tilskott blir slått saman.
Låneportefølja som Innovasjon Norge i Møre og Romsdal
forvalter er redusert til nær 2 400 millioner kroner, men
utgjer fortsatt ca 19% av vår totale låneportefølje per
31.12.2005.
Distriktkontoret i fylket har eit godt samarbeid med Møre
og Romsdal fylke, herunder også landbruksforvaltninga.
Innovasjon Norge har ein sentral posisjon i utviklinga av
Regionalt utviklingsprogram og har programansvar for
fleire av programma. Vi har forsøkt å vise bruken av
penger i fylket gjennom å budsjettere og rapportere
virkemiddelbruken inn mot dei fem satsingsområda i fylkets
regionale utviklingsprogram.
Havbruk og fiskeri har ein stor plass i vår portefølje.
Strukturendringer er framleis naudsynte, og omstillinga i
desse bransjane er etter vårt skjøn berre så vidt starta.
Valg av rett fokus for vår omstillingsmedvirkning blir ei
utfordring for Innovasjon Norge også i 2006. Vi har derfor
store forventninger til Marint innovasjonsprogram som
startar i år med nettverk og marked som fokusområder.
Entreprenørskap og nyskaping har vore og vil fortsatt vere
eit fokusområde. Det har vore arrangert to
"idégnist"-seminar, der opptil ti privatpersoner kvar gong
har fått intensiv hjelp til å foredle sin forretningsidé.
Ein arbeider kontinuerlig med å forbetre tilbodet
mot etablerarar, og fylkeskommunen har i samråd med
Innovasjon Norge beslutta å starte eit stort
"Entreprenørskapsprosjekt" i 2006. Dette skal vere med på
å synleggjere satsinga på nyskaping og etablering i
næringslivet i fylket vårt. Innovasjon Norge er medlem i
styringsgruppa og fleire av prosjektgruppene.
Innovasjon Møbel viser god framdrift, med prosjektleder
Oscar Kipperberg i leiinga. Det er Norsk Industri
(Tidlegare TBL Møbel) som er prosjekteigar og som har
styringa med prosjektet. Det er laga ein
undervegsevaluering av prosjektet, og denne viser at
Innovasjon Møbel er veldreve og gir konstruktive svar i
fohold til dei behova som næringa etterspør. Prosjektet
skal avsluttast i 2006.
Omstilling Smøla held fram på femte året. Det er god
framdrift i prosjektet, og optimismen og tiltakslysta er
framleis god. Underveisevalueringane for prosjektet viser
gode resultat. Frå 2005 fekk også Vanylven kommune status
som omstillingskommune.
Omstillingsarbeidet her har fått ein bra start, og det
vert meldt om at det er skapt 56 nye arbeidsplasser her i
løpet av året.
Innovasjon Norge vil bidra med penger, kompetanse og
nettverk innanfor dei rammene myndigheitene gir oss også i
2006. Internasjonaliseringskompetanse og
idévurderingskompetanse er utvikla ved kontoret gjennom
direkte kontakt med vårt hovedkontor og våre 34 kontor
over heile verda.
Vår visjon er å bidra til utvikling og omstilling av eit
levedyktig næringsliv over heile Møre og Romsdal, og med
over 700 kompetente medarbeidere i inn- og utland, vil
Innovasjon Norge kunne bidra både med kompetanse og
kapital til oppfylling av denne visjonen.
Innvilga i 2005 (mill. kr)
- Markedslån: 237,3
- Risikolån og garantier: 68,8
- Distriktsrettede tilskudd: 33,1
- Etablererstipend m.v.: 6,0
- Tilskudd og rentestøtte landbruk: 75,2
- Andre tilskudd: 61,1
Låneportefølje 31.12.2005
- Markedslån: 1 987,4 mill.
- Risikolån og garantier: 238,4 mill.
-
Risikolån landbruk (m/rentestøtteansvar): 158,0 mill.
Største næringer tilsagn 2005:
- Industri: 161,1 mill.
- Fiske/oppdrett: 126,3 mill.
- Jord/skogbruk: 112,5 mill.
Reginale satsinger innenfor RUP (samla tilsagn av lån og tilskudd):
- Entreprenørskap: 6,3 mill.
- Internasjonalisering: 148,3 mill.
- Reiselivsutvikling: 5,8 mill.
- Omstilling og nyskaping i landbruket: 112,5 mill.
- Omstilling og nyskaping i industrien: 180,3 mill.
|
Bjørn Tunheim, direktør
E-post til kontoret
Kontor i Ålesund og Molde: 23 årsverk
Antall saker i 2005 (uten vedlikehald, klagesaker o.l.): 535 saker
Innvilget i 2005: 482 mill. kr
Låneportefølje 31.12.2005:
2.384 mill. kr
Antall SkatteFunn-søknader i 2005: 223 saker
|