Kontoret i Møre og Romsdal
Møre og Romsdal er framleis største fylket målt etter bruk av
virkemidler frå Innovasjon Norge når lån og tilskott blir slått
saman. Låneporteføljen som Innovasjon Norge i Møre og Romsdal
forvaltar er 2 041 milliarder, og utgjer omlag 19 % av vår totale
låneportefølje pr 31.12.2006.
Kontoret har eit godt samarbeid med Møre og Romsdal fylke,
herunder òg landbruksforvaltninga. Innovasjon Norge har ein
sentral posisjon i utviklinga av Regionalt utviklingsprogram (RUP)
og har programansvar for fleire av programma.
Fiske og oppdrett er store bransjar i vår låneportefølje. Marin
sektor har mottatt 178 mill kr av tildelingane i Møre og Romsdal i
2006. Fiskeflåten er den største brukeren.
Marint Innovasjonsprogram er starta, og fleire gode prosjekt er
med frå vårt fylke. Det blir spanande å sjå kva løft dette kan gje
til ei næring som framleis står framfor store
omstillingsutfordringer.
Entreprenørskap og nyskapingssatsinga ”hoppid.no” er sett i gang i
2006. Fleire konkrete tiltak er initiert i 2006, og fleire er
starta opp i 2007. Omstilling Smøla held fram på sjette året, og
Vanylven kommune er inne i sitt tredje år som omstillingskommune.
Ein har hausta gode erfaringar frå arbeidet som er lagt ned, og
mange nye arbeidsplassar er etablerte i perioden.
Innovasjon Møbel er evaluert og er så langt vellukka. Prosjektet
går over i ny fase på to år. Eit nytt prosjekt,
”Internasjonalisering Møre og Romsdal”, er på trappene for 2007.
Ei ny sektorsatsing for kultur- og opplevelsesnæringane skal bidra
med tiltak som styrker kompetansen, profesjonaliteten og lønnsemda
i næringane.
|
Direktør Bjørn Tunheim i Innovasjon Norge Møre og Romsdal
saman med Are Kalvø på Mørekonferansen 2006, som mellom
anna hadde tema opplevelseindustri.
Konferansen vart arrangert av Møre og Romsdal fylke i
samarbeid med Innovasjon Norge og Sparebanken Møre.
|
Innovasjon Norge vil bidra med penger, kompetanse og nettverk
innanfor dei rammer myndigheitene gir oss også i 2007.
Internasjonaliserings- og idèvurderingskompetanse er mellom anna
utvikla ved kontoret gjennom direkte kontakt med vårt hovedkontor
og våre 34 kontor over heile verda.
Vår visjon er å bidra til utvikling og omstilling av eit lønnsamt
næringsliv over heile Møre og Romsdal. Med over 700 medarbeidarar
i inn- og utland, vil Innovasjon Norge kunne bidra med kompetanse,
nettverk samt risikokapital til oppfylling av denne visjonen.