Gå rett til innholdet



Årsrapport 2006

Sogn og Fjordane 2006

Norsk økonomi er inne i ein særs sterk høgkonjunkturperiode. Dette skjer utan at prisar og lønningar auka tilsvarande. Den viktigaste årsaken til dette er stor import av billige varer, auka konkurranse innanlands og høg arbeidsinnvandring.

Veksten i Sogn og Fjordane i 2006 vart mykje høgare enn forventa for alle næringar. Store delar av næringslivet forventar også at etter-spørselen vil halde fram å vekse i 2007. Heile 60 % av bedriftene meiner at marknadsutsiktene er betre no enn på same tidspunkt i fjor. Optimismen er større enn nokon gang.

Det har vore stor etterspurnad etter Innovasjon Norge sine verkemiddel i 2006. Industrien er den bransjen det vart løyvd mest midlar til. Dei største tilskotet gjekk til solsellefabrikken Norsun AS og dørfabrikken Dooria AS i Årdal.

Kontoret har eit godt samarbeid med Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Fylkesmannen. Innovasjon Norge har vore med i utviklinga av det regionale utviklingsgprogrammet (RUP) og deltek i fleire program.

 Leiar: Halvor Flatland

Kontoret har 20 tilsette.


Leikanger
Askedalen 2,
6863 Leikanger

Førde
Fjellvegen 11,
6800 Førde

www.innovasjonnorge.no/
sognogfjordane