Gå rett til innholdet



Årsrapport 2006

Næringslivet i Sogn og Fjordane

Norsk økonomi er inne i ein særs sterk høgkonjunkturperiode. Dette skjer utan at prisar og lønningar auka tilsvarande. Den viktigaste årsaken til dette er stor import av av billige varer, auka konkurranse innanlands og høg arbeidsinnvandring.

Veksten i Sogn og Fjordane i 2006 vart mykje høgare enn forventa for alle næringar. Store delar av næringslivet forventar også at etter-spørselen vil vil halde fram å vekse i 2007. Heile 60 % av bedriftene meiner at marknadsutsiktene er betre no enn på same tidspunkt i fjor. Optimismen er større enn nokon gang.

Arbeidsløysa

Arbeidsløysa i Sogn og Fjordane er den lågaste i landet og den minkar framleis. Ved utgangen av 2006 var arbeidsløysa på berre 1,3 % som er 35 % lågare enn på same tid i 2005. For mange bransjer er difor mangelen på arbeidskraft den største utfordringa. I 2007 vil næringslivet trenge ca. 2 000 nye tilsette (eks. offentleg sektor). Når folketalet minkar i store delar av fylket, ser ein at det er ei stor utfordring å rekruttere til dei nye arbeidsplassane. Tilgangen på arbeidskraft kan avgrense veksten til neste år. Rekruttering av utanlands arbeidskraft vert difor viktig i 2007.

Eksport

Eksportveksten for tradisjonelle varer i Sogn og Fjordane har vore god. Fisk og metall er dei store eksportartiklane frå fylket. Eksport-industrien er meir optimistisk for 2007 enn resten av industrien.

Marint

Marine næringar har generelt hatt ei god utvikling. Strukturendringar og samanslåing av kvotar og fiskerettar har ført til færre fiskefarty som igjen har redusert kostnadane og auka produktiviteten. Fiskeriindustrien i fylket slit enno med overkapasitet og svak lønsemd og utfordringa er å betre lønsemda i alle ledd i verdikjeda. Lønnsemda i laksenæringa var i 2006 historisk god og nådde eit rekordnivå. Dei fleste opdrettarane meiner at 2007 vert eit svakare år.

Reiseliv

Reiselivet har hatt ein kraftig vekst i 2006 når det gjeld hotellovernattingar. Veksten har vore størst på den utanlandke marknaden. Merksemda rundt vestlandsfjordane som reisemål har vore medverkande til dette.

Landbruk

Landbruket opplevde at det vart færre men større aktive gardsbruk i fylket. Det er etablert fleire nye samdrifter, og ein ser at tilleggs-næringer med fokus på utnytting av garden sine samla ressurser er kome godt i gang mange stader.


NØKKELTAL

Folketal: 106 194
Kommuner: 26 (alle i sone III)

Arbeidsløyse, gjennomsnitt:
2006 : 1,8 %
2005 : 2,1 %

Omstillingskommunar:
Årdal, Høyanger, Flora, Vågsøy og Jølster

Nyetableringer
2005: 726 (+7,9%)
2006: 830 (+14,3%)

Konkursar 
2005: 58
2006: 42 (-27,6%)

Eksport
(mrd NOK)
2005: 10,6 (+11,4%)
2006: 11,8 (+10,6%)

Reiseliv
(gjestedøgn)
2005: 1 172 131
2006: 1 288 754 (+10%)