Kontoret i Sogn og Fjordane
Det har aldri vore løyvd så mykje tilskot til Sogn og Fjordane som
i 2007. Sogn og Fjordane er også det tredje største fylket målt
etter verkemiddelbruk (lån og tilskot) i 2006.
Det har vore stor etterspurnad etter Innovasjon Norge sine
verkemiddel i 2006. Industrien er den bransjen det vart løyvd mest
midlar til. Dei største tilskotet gjekk til solsellefabrikken
Norsun AS og dørfabrikken Dooria AS i Årdal.
Fiskeflåten
Fiskeflåten har fått dei største låneløyvingane i samband med med
restrukturering av næringa (kvotekjøp og samanslåing). Når det
gjeld BU-midlane har Innovasjon Norge satsa spesielt på samdrifter
i mjølkeproduksjon. Dessutan har Innovasjon Norge vore med å
støtta ei rekkje innovative prosjekt frå dei tenesteytande
næringane.
Fellesprosjekt
Elles har det vore løyvd mykje midlar til fellesprosjekt som
etableraropplæring, internasjonalisering, design, regional
omstilling, SMB-utvikling, strategi, styreutvikling,
leiarutvikling, entreprenørskap, FRAM og kvinne/ungdomssatsing.
Godt samarbeid
Kontoret har eit godt samarbeid med Sogn og Fjordane Fylkeskommune
og Fylkesmannen. Innovasjon Norge har vore med i utviklinga av det
regionale utviklingsgprogrammet (RUP) og deltek i fleire program.
Omstillingskommunar
Årdal, Høyanger, Flora, Vågsøy og Jølster er definert som
omstillingskommunar. Innovasjon Norge har hatt ansvar for
kvalitetssikring gjennom å være rådgjevar, pådrivar og oppfølgjar
av omstillings-arbeidet.
Matprogrammet
Gjennom verdiskapingsprogrammet for mat har det vore arbeidd med
lokal mat og mattradisjonar, frukt og bærprosjekt og
merkevarebygging.
EXPO Sogn og Fjordane
Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane sitt prosjekt EXPO Sogn
og Fjordane er ei tre-årig satsing på internasjonalisering
retta mot bedrifter som vil satse på eksport.
Designsatsingen - DIFF
Innovasjon Norge Sogn og Fjordane har hatt eigen designsatsing i
samarbeid med Styn Næringshage. Designsatsinga i Fjord Fylket –
DIFF – skal skape nettverk og møteplassar, heve kompetansen og
stimulere til auka bruk av profesjonell design hjå næringslivet,
skuleverket og samfunnet.
Arena-programmet
I arenaprosjektet ”MarinVEST” har det vore arbeidd med å etablere
møteplassar for dei marine næringane i fylket som skal fungere som
ein arena for innovasjon og nytenking på tvers av geografi og
verdikjeder.
”Innovativ fjordturisme” er eit nytt arenaprogram som er eit
samarbeid mellom vestlandsfylka.
EXPO Prosess
15 bedrifter har delteke i EXPO Prosess som er eit
utviklingsprogram skreddarsydd for den enkelte bedrift. Målet er
at deltakande bedrifter samla sett skal auke eksporten med 30 % i
løpet av tre år.