Gå rett til innholdet



Årsrapport 2006

Kundebedrifter frå Sogn og Fjordane

Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane har vore med og finansiert ei rekkje innovative prosjekt. Her vil vi presentere tre prosjekt der vi har vore medverkande med ulike tenester.

Finden Gard

Bygdeutviklingsprisen 2006 i Sogn og Fjordane gjekk til Finden Gard ved Laila Lilleøren og Lars Finden. Finden Gard er ein veglaus gard nær inntil Stølsheimen landskapsvernområde, noko som vert aktivt nytta som fortrinn frå vertskapet si side for å auke inntektsgrunnlaget av garden. Staden er svært eksotisk og interessa særleg frå bedriftsmarknaden er aukande.

I Norge har ein så langt i liten grad vore oppteken av å nytte dei mange nasjonalparkane og andre verna område som ein ressurs i næringsutvikling. Måten prisvinnarane nyttar vernestatus og vegløyse i marknadsføring og profilering er til stor inspirasjon og godt føredøme for andre med liknande utfordringar.

Norsun AS

Norsun AS er i gang med å gjennomføre betydelege investeringar i Årdal i det som skal bli ein av verdas største fabrikkar for monokrystallinske silisiumskiver. Monokrystallinske silisiumskiver er laga av rein silisium og blir brukt til å lage energieffektive solceller. Silisiumskivene skal seljast til aktørar i den internasjonale solenergi-marknaden for vidareforedling til solceller og solcellepanel. Produksjonsstart er planlagt til tidleg i 2008.

Eit tilskot på 30 millioner kroner frå Innovasjon Norge inngår som ein viktig del av ein samla finansieringspakke som sikrar etablering av i første omgang 100 arbeidsplassar i Årdal.

Bionordic AS

Bionordic AS er eit bioenergiselskap i Jostedalen som gjennom dei siste åra har utvikla den første norske pelletsovnen. Utviklingen er gjort i nært samarbeid med SINTEF og designbyrået 360 grader produktdesign AS.

Innovasjon Norge har delteke finansielt i alle fasane i samband med utvikling av BioNordic AS sin pelletsovn. I 2006 ønskte bedrifta å sjå nærare på den internasjonale marknaden. I den samanhengen har Innovasjon Norge sine kontor i utlandet bidrege med marknadssjekkar i Norden og Tyskland.