Rapport frå styret
Styret har halde ni møter i 2006 og handsama og protokollert
47 saker.
For å få innsyn i næringslivet og kommunane sine konkrete
utfordringar legg styret stor vekt på å møte bedrifter og kommunar
i deira eige miljø. Difor er nokre av styremøta lagt på
forskjellige stader i fylket, og også med innlagt bedriftsbesøk.
Luster og Fjaler
Styret hadde eit møte i Årdal der det vart orientert om arbeidet
med omstillingskommunane i fylket. Det var også lagt møter til
Luster og Fjaler der styret fekk møte bedrifter som klarar seg
godt trass lokalisering i utkantane.
Studietur til Polen
Det vart også arangert studietur til Polen. Der fekk styret møte
norske bedrifter som hadde etablert seg i Polen. Styret var også
på besøk hos Innovasjon Norge sitt kontor i Warsawa og fekk eit
innblikk i aktiviteten.
Omstilling
I 2006 har også vore eit år med mykje fokus på omstilling for
næringslivet i Sogn og Fjordane. Innovasjon Norge har ansvar for å
følgje opp og kvalitetssikre omstillingsarbeidet i Flora, Årdal,
Høyanger, Vågsøy og Jølster.
Solcellefabrikk
Det er handsama fleire store og viktige saker for kommunane Årdal
og Høyanger. Den største er solcellefabrikken Norsun AS som vil gi
over 100 arbeidsplassar.
Positiv utvikling
Sogn og Fjordane står i 2007 overfor den positive utviklinga at
alle kommunane er innlemma i området for distriktsvirkemidler. Men
fylket har ikkje fått høgare rammetilskot, så utfordringa vert å
få tildelte midler til å strekke til.
Godt år for næringslivet
Året 2006 har vore særs godt år for næringslivet i Sogn og
Fjordane. Vi forventar i tillegg at veksten vil halde fram med
full styrke i 2007. Men utviklinga har vore ulikt fordelt i
fylket. Det er mange lokalsamfunn med svak nærings-utvikling og
befolkningsnedgang. Det er difor viktig at det offentlege
verkemiddelapparatet får rammer som kan vere med å løfte desse
områda.
Mangel på arbeidskraft
Den største utfordringa for fylket er likevel mangel på
arbeidskraft. 40 % av bedriftene i Sogn og Fjordane planlegg å
utvide arbeidsstokken. Tilgangen på arbeidskraft kan vere med på å
begrense veksten.
Styret i Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane er samansett
av fire kvinner og fire menn. 42 % av dei tilsette i
administrasjonen er kvinner. Sjukefråværet i 2005 ved kontoret var
på 2,8 %.
Samarbeidet mellom styret og administrasjon er godt, og styret
takker administrasjonen og tilsette for godt arbeid og grundig
førebudde saker.