Gå rett til innholdet



Årsrapport 2006

Rapport fra styret

Styret har halde 11 møter og handsama/protokollert 81 saker i 2006.

Styret har i år hatt møter med kunnskapsparkane i fylket, besøkt bedrifter og kommuneadministrasjon i Vanylven, samt besøkt Høgskulen i Volda og Aasentunet. Elles har fleire av styrets medlemmer deltatt i felles konferanser og møter omkring utarbeiding av regionalt utviklingsprogram (RUP 2007) og vårt nye konjunkturbarometer for Møre og Romsdal (TEMP).

Sterk rolle i internasjonaliseringsarbeidet

Styret har vidareført sitt engasjement for at distriktskontoret skal ta ei sterk rolle i samband med internasjonaliseringsarbeidet i fylket. Styret beslutta såleis i november at det skal etablerast eit internasjonaliseringsprosjekt for Møre og Romsdal med basis i erfaringane frå Innovasjon Møbel m.m.

Foto: www.photofactory.com

Stol HAL frå LK Hjelle, deltakar i Innovasjon Møbel.

Reiselivssatsinga

Elles har styret engasjert seg i og uttalt seg om m.a. reiselivssatsinga for Møre og Romsdal, utnytting av gassteknologi, forvaltningsreforma, entreprenørskapssatsinga i fylket og utviding av virkeområdet for distriktsvirkemidlane (utvida med 52 % målt etter folketal i fylket).

Tre millioner ekstra

I samband med stort press på midler frå distriktsområdet i 2006, vart Innovasjon Norge i Møre og Romsdal tilgodesett med 3 millioner kroner ekstra i 2006. Styret vil på vegne av brukarane få uttrykke stor takk til Møre og Ronsdal Fylke for den velviljen dei her viste.

Nye distriktskommuner

Møre og Romsdal står i 2007 overfor den positive utfordringa at seks store industrikommuner er innlemma i området for distriktsverkemidla. Med utvida muligheitsområde og begrensa med penger, ser styret også i 2007 ei utfordring i å få tildelte middel til å strekke til.

Godt år for næringslivet

Året 2006 har gjennomgåande vore eit godt år for næringslivet i fylket. Etter nokre år med strukturtilpasning og negativ sysselsettingsutvikling i mange bedrifter, er trenden snudd. Det er no stor etterspurnad etter kompetansearbeidskraft. Særskildt gjeld dette fagarbeidarar og ingeniørar, og internasjonal rekruttering har vore, og er framleis naudsynt.

Utviklinga er imidlertid ulikt fordelt over fylket. Det er framleis mange lokalsamfunn der næringsutviklinga er svak, og som sårt treng nye arbeidsplassar og positiv nærings- og befolkningsutvikling. Det er derfor framleis svært viktig at virkemiddelapparatet blir gitt arbeidsrom i form av midler og kapasitet til å kunne bistå til nyskapings-, utviklings- og omstillingstiltak, og slik arbeide for sikring og langsiktig bedring av bedriftsøkonomisk lønnsom næringsutvikling i heile fylket; og spesielt i utsette småsamfunn.

Godt samarbeid

Samarbeidet mellom styret og administrasjon er godt, og styret takker administrasjonen og tilsette for godt arbeid og grundig førebudde saker.