Gå rett til innholdet



Årsrapport 2006

Kundebedrifter frå Møre og Romsdal

Finansiering er ofte ei utfordring for å realisere nyskapande og innovative prosjekt. Innovasjon Norge har som målsetting å gi lokale idear globale moglegheiter, og vi presenterer her tre prosjekt der Innovasjon Norge i Møre og Romsdal har vore
medverkande med ulike kompetanse- og finansieringstenester.

Profvet AS

Foto: Innovasjon Norge - arkiv

Dataverksemda er ei Moldebedrift i sterk vekst. Dei leverer software til veterinærmarknaden, og har eit betydelig internasjonalt potensial. I dag er dei allereie etablert i Estland, Latvia og Litauen. Verksemda har status som inkubatorbedrift i kunnskapsparken i Molde, og har mellom anna fått risikoavlasting gjennom Industriell forskningskontrakt gjennom Innovasjon Norge, godkjent prosjekt i SkatteFUNN, samt kompetanseheving på strategiarbeid og internasjonalisering. www.profvet.com

Jakob & Johan Dybvik AS

 Foto: Jakob Dybvik

Klippfiskverksemda vart etablert i 1923 og er i dag drifta av tredje generasjon. Dei siste ti åra har verksemda arbeidd målretta for å bidra til auke av klippfiskkonsumet i Noreg, og har mellom anna utvikla nisjeprodukt tilpassa både privat- og storhushaldningsmarknaden. Verksemda deltek med spanande prosjekt i Marint Verdiskapingsprogram, og den sterke fokusen på merkevarebygging og strategiarbeid mot marknaden er eitt av verksemdas største konkurransefortrinn. www.dybvik.no

Offensive bønder i Vanylven

Foto: Innovasjon Norge - arkiv

Fem bønder i omstillingskommuna Vanylven satsar på eggproduksjon. Dei fem anlegga er kvar på 7 500 høner, og totalproduksjon blir på om lag 3 tonn egg. Dei fem anlegga ligger fysisk nær kvarandre, og bøndene trur at dette kan bidra til å bygge eit sterkt fagmiljø. Prosjekta representerar spennande nytenking, og er viktige bidrag for å oppretthalde og utvikle eggnæringa i fylket. Fire av dei fem anlegga er no teke i bruk.

Gåsvand Eiendom AS

Foto: Gåsvand Eiendom as

Selskapet er eigd av familien Emil Gåsvand, og har mellom anna dotterselskapa Rindalslist AS og Rindalshytter AS. Særleg førstnevnte har hatt ei solid utvikling i ein konkurranseutsett marknad. Konsernet G.E. har kvinner i toppleiinga, både i dagleg leiing og i styret, og er slik eit forbilde for andre verksemder. Bedrifta syner å ha eit godt grep om marknadsarbeidet, og er no i gang med eit prosjekt for bygging av merkevara Rindalslist. Verksemda satser friskt, og har mellom anna nytta SkatteFUNN, kompensasjonsordninga for bortfall av diff. arbeidsgivaravgift og vore med i strategiutviklingsprogrammet FRAM.